top of page

Avind

Bilde: Eirik Lande

Når ting raknar er det fort gjort å miste motet, og å gi opp. Men om ein har det i seg, kan det lønne seg å rett og slett ta sjansen. Kva enn det måtte vere, eller bety for deg. For Tonje Tafjord og Avind enda det med å lage denne plata. 

Det var ei tid då norskspråkleg lo-fi indierock var allemannseige. Unge, lovande artistar fylde konsertsalar, kulturhus og spelelister frå nord til sør, men etter ein periode med sjampanje, mynte-te og Spellemannprisar fall interessa sakte men sikkert ut i horisonten bak fyret på Lindesnes. Så, då Avind debuterte med albumet «Evig blenda» i 2018 plukka dei opp ein hype som låg med broten rygg, og løfta den på nytt fram i lyset. 

No kjem oppfølgaren, «Ta sjansen», der bandet har teke sounden frå debuten endå nokre steg vidare, og viser oss eit band i voldsom utvikling, med ein meloditeft som tvingar fram smilet, og eit tekstunivers som hentar fram resten av kjensleregisteret. Då bandet byrja skrive denne plata var det stort sett ganske roleg og harmonisk i liva til alle medlemmane, så byrja mykje å rakne. Ifølgje vokalist og tekstforfattar Tonje Tafjord er tekstmaterialet i stor grad reine observasjonar av den perioden, og mykje av det er skrive til dei ho jobbar tettast med. 

Avind er eit samansett band, som bringer inspirasjonskjelder frå alle hald på bordet, der den eine meiner ein nyskriven låt minner om Gøteborgsk indie rundt år 2000, finn andre noko som dreg det mot Manchester sitt yrande musikkmiljø på 80-talet, eller kanskje er det blandinga av jazzbakgrunn og rockeklubben på bygda som skin gjennom. Alt dette gjer Avind så unikt, og det er i alle fall lett å høyre at inspirasjonen har fløyma på det nye albumet «Ta sjansen». 

  • YouTube
  • Spotify
  • Facebook
bottom of page