top of page

Sigri Sandberg

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og forfattar som har skrive nær tjue bøker om natur, klima, menneske og polare strok. Ho skriv også om natur og frilusftliv for A-magasinet til Aftenposten. Den siste naturboka hennar "Mørke" handlar om lysforureining og er selt til ti land i Europa. Besøk ho gjerne her: www.sigri.no

 

Om boka "Ro - om Sognefjorden og ein lang rotur heim"

Denne boka byrjar i ei blokk her på Grefsen. Med ein skribent som sit og sutrar og fossror i si eiga stove, på ei romaskin. Fordi ho har lyst å ro vår aller lengste fjord. Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Og Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader, blant anna på Grefsen. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro. Og bestemmer seg altså for å ro Sognefjorden, dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Ho startar ytst i havet der ho budde som lita, og ror innover mot garden der ho delvis bur no.

Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om kvardagen då fjorden var riksvegen, om vind og straumar og livet over og under vatn. Ho ror med mannen, venninner og mora - på ulike strekk. Det blir bølger og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading. Men finn ho ro?

 

Ro er ei vakker forteljing om vår lengste fjord – og eit forsøk på å finne heim.

bottom of page